Album:
Fridr
Testi originali
Islandese
Traduzione
Norvegese
Fridr
Lýsi ég staðarhelgi, lýsi ég mannhelgi, lýsi ég blóthelgi.
Lýsi ég véböndum, lýsi ég griðum, lýsi ég sáttum.
Set ég grið og fullan frið,
Fégrið og fjörgrið
Heill dagr!
Heilir dags synir!
Heil nótt ok nift!
Óreiðum augum
lítið okkr þinig
ok gefið sitjöndum sigr
Heilir æsir!
Heilar ásynjur!
Heil sjá in fjölnýta fold!
Mál ok mannvit gefið okkr mærum tveim ok læknishendr, meðan lifum.
Fred
Eg lyser ut heilag grunn, eg lyser heilag rett, eg lyser heilagt blot.
Eg lyser ut vigde hegner, eg lyser nåd, eg lyser semje.1
Eg set fram nåd og full fred;
Nåd for alt eige og liv.
Ver helsa, Dag!
Ver helsa, Dags søner!
Ver helsa, Natt og frenka!2
Vend milde augo
mot oss to3
og gjev dei sitjande siger.
Ver helsa, æser!4
Ver helsa, åsynjer!
Ver helsa, gjevmilde jord!
Gjev oss gildt mål og mannevit, og lækjande hender livet ut.
- 1. Merk at "nåd" (f) ikkje er heilt synonymt med "nåde" (m), sidan fyrstnemnde siktar meir til fred og velvilje enn til skånsel og medynk.
- 2. Det næraste ein kjem ordet "nipt" i både riksmål og landsmål er "frenke" (dvs. kvinne ein er i ætt med). Det norrøne ordet kan visa til ei syster, dotter, farsyster, morsyster, farmor, mormor, versyster eller syskenbarn av kvinnekjønn. Kan henda det her er snakk om dottera til Natt (som er Jord i nokre manuskript).
- 3. Pronomenet "okkr" lever enno i nokre dialekter som "okke", "okko" mfl. og hadde kanskje analogisk innverking på pronomena "dokker", "dokke" osv. i eldre mål.
- 4. Som utropsord kan ein nok like gjerne setja om "Heill!" som "Ver helsa!", "Vel møtt!" eller ei anna slik helsing. Frasen "Heil deg!" el. "Hill deg!" hadde òg mykje bruk i skrift (t.d. i Bibelen) før 2. verdskrigen. "Heill" kunne òg brukast som reint adjektiv i helsingar som "Heill sé þú." dvs. "Heil vere du." (jf. "Lenge leve kongen!").
lynilyet
submitted on 4 Giu 2023 - 17:41

Give a shoutout to lynilyet






